Odd René Andersen - Signed, Sealed, Delivered

Odd René

Framsyningar

Henter programmet

Odd René Andersen – årets vinnar av Stjernekamp – svingar seg ut på vegen for å dele sigeren med dykk!

Han blir omtala som Noregs beste soulsongar, med ei heilt unik røyst. Han har ein særeigen evne til å kommunisere med og fengsle publikum. Gjennom heile Stjernekamp-sesongen har han vist oss at han fordjupar seg i melodiane og gjer dei til sine eigne – uansett kva sjanger han syng.

Odd René har vore solokunstnar sidan 1996, og har hatt utallige radiohits sidan den gongen. Han har dessutan vore supportartist for store artistar som Tina Turner, Joe Cocker og John Hiatt. Odd René vart også særleg utvald som korist for Paul McCartney under fredspriskonserten i Oslo Spektrum i 2001.

Odd René har ein eigen evne til å setje akkurat den stemninga han ønskjer å gje publikum, og på denne turneen er målet at alle forlet salen litt varmare om hjartet enn dei var då dei gjekk inn.